Meronbloggen

Blogg for deling av korte innlegg fra eller om sjøsamiske områder og andre kyst- og fjordstrøk, eller av interesse for slike områder. (Ca. 500-800 ord pluss/minus). Hvis man ønsker å bidra: Ta gjerrne kontakt pr. e-post: poasta@mearrasiida.no. Alle innlegg må ha bilde.

Eit hav av søppel

Eit hav av søppel

I Skulsfjord utafor Tromsø rek det kvart år i land store mengder søppel. Skuleelevar vart forbausa då dei tok til å rydda.

19. juli 2014 fortalde VG at skuleelevar hadde plukka opp 110 sekkar søppel frå stranda i Rekvika, Skulsfjord. Elevane lærte nok litt av kvart om korleis vi vaksne ter oss.  Direktoratet for Naturforvaltning og Klima (KLIF) har teke initiativ til oppsamling langs heile kysten. I 2013 samla 10 000 friviljuge inn 116 tonn søppel berre frå 300 km. strender. Så kan ein rekna ut kor mykje det ville bli om vi kunne ta opp alt, Noreg har ei kyststrekning på 90 000 km. Det meste av søpla som rek i land, vert ikkje oppdaga. Av alt kasta søppel på havet reknar ein med at 15 % driv i land, 15 % flyt rundt i havet og resten endar på havbotn.

På ei av dei vakre strendene på Porsangerhalvøya vart det ikkje berre store mengder av tomflasker, plastkanner, snusdåser, ølboksar og tauverk. Ein rein hadde vikla seg inn i eit fiskegarn av plast. Den lokale reineigaren vart varsla, og han forstod korleis frigjera dyret frå plaga. Vi bør sjølvsagt kunne gjera noko individuelt for å fjerna søppel. Ei dame frå Bodø samla ein sumar 116 sekkar søppel på ei øy utafor byen. Men det må også ein offentleg innsats til. Endring av haldning er ikkje lett å få til.


Organisasjonen Hold Norge Rent blei stifta 24. november 2014. Målet for 2015 var å engasjera 20 000 friviljuge, arrangera 500 ryddeaksjonar, samla opp minst 200 tonn søppel før sumaren og rydda 500 km. strender. Det gjeld å verta medvetne om kva som står på spel, og kva kostnaden blir for fellesskapen. Sist vinter rasa eit skikkeleg uvêr rundt Gran Canaria. Store mengder skrot blei kasta i land, senger, kjøleskap, PC-skjermar, plaststolar og -bord, tusenvis av plastflasker og enda fleire tomboksar. Om du sit på ei av strendene på øya, vil du kanskje oppdaga svarte helikopter som sveipar langs land. Det er ikkje søppel, men båtflyktningar dei ser etter. Det ville dessutan vera dårleg reklame om det rek lik i land.


På global basis er plastsøppel eit voksande problem. Det vert årleg produsert 275 millionar tonn plast. Det tre verste forsøplarane er Kina, Indonesia og Filippinene. USA kjem på plass 20. Frå dei store elvene i Asia går enorme mengder plast mot havet. Omgrepet frå land til vann har høg aktualitet i USA der mellom 4,8 og 12,7 millionar tonn tek veg til havs. Store mengder avfall kastas i løynd.  Mykje kjem frå skip og plattformer, men også frå fiskefarty av ulike storleik. Det ser vi ikkje minst langs Norskekysten og på Svalbard der rein og fuglar har vorte fanga av tauverk og pintes ihel.


Fem enorme søppeldynger flyt rundt på verdshava. Den største, Great Pacific Garbage Patch, utgjer 1,4 mill. km2, meir enn heile Norden om vi held Grønland utafor. Ein rapport frå FN 2009 rekna ut at 100 mill. tonn flyt rundt i hava. 100-200 000 sjøpattedyr og ein million sjøfugl døyr årleg av søppel.  


Nedbrytingstida for ulikt søppel varierer:

- avis 6 veker
- epleskrott 2 månader  
- ullsokk 1-5 år
- plastpose 10-20 år
- plastflaske 450 år
- fiskegarn 600 år
(Kjelde: Miljøstatus.no)

Marin forsøpling kjem fram i rapporter frå fleire land. I Stillehavet finn ein daude albatrossar med magesekken full av plast. I Nordsjøen der oljeindustrien har kasta frå seg, flyg havhest og andre sjøfuglar med langt fleire plastbitar i seg enn dei truleg toler. Frå Barentshavet kjem rapportar som fortel at 20% av snekrabben har plastikkbitar i magen. Daude sjøpattedyr kan ha mykje søppel i skrotten. Gyrar eller virvelstraumar i verdsområda fungerer som oppsamlingsområde for søppel, i sume av desse er det funne like mange mikroplastpartiklar som plankton. Mykje av søpla i naturen er plastikkprodukt, og med den lange levetida for mange av dei vert alt berre eit større og større trugsmål. Nedbrytingstida i vatn er lågare enn på land.
 (Kjelde: Havforskningsrapporten 2015)
 
Kjeldene til søppelet frå land er industri, turistføretak og kommunale avløp. Til havs er det fyrst og fremst fiskeria og skipstrafikken som syndar, men akvakultur og auka gass- og oljeproduksjon byggjer nye søppelproblem. Naturen har også reinsande effekt; UV-stråling og temperaturvariasjonar bryt ned materialet. Nye modelleringar av havstraumar tyder på at Barentshavet og dei sårbare arktiske områda kjem i ytterlegare fare då dei vert samlingsområde for skiten også frå kontinentet.  


Dyr og fisk døyr i uvisse mengder i og rundt havet her nord av forsøplinga. Ytre effektar får vi når søppel festar seg til kroppen på skapningane. Dyra kan få kuttskader som førar til infeksjonar. Indre effektar oppstår når dyra får i seg søpla, og ikkje maktar kvitta seg med den gjennom avføringa.


Til forskjell frå synleg makrosøppel er mikrosøppelpartiklane så små at vi må ha lupe eller mikroskop for å kunne sjå dei, anten det no er plast eller fiber, gummi eller vegstøv. Ofte er materiala giftige.


I løpet av 50 år har verda forsynt storhavet med søppel, og farta aukar. Skuleelevar som sanka søppel utafor Tromsø, vil måtte handtera eit aukande problem som vaksne. Dei fortener ros. Noreg bør gå førre med åtvaring, kartlegging og program for søppelrydding i og rundt havet.


Foto: Jon Egil Nilsen


                      

Den blå åkeren del 2: Endret gyteatferd hos torsk ...
Eggeturer på 1950-tallet